Kva er ein samfunnsplan?

Kva er ein samfunnsplan?

Kva er ein samfunnsplan?

Samfunnsplanen, eller samfunnsdelen som det formelt heiter, er ein av to deler som til saman utgjer kommuneplanen. Den andre delen av kommuneplanen er arealdelen. 

Kommuneplanen er kommunen sin overordna plan. Alle kommunar skal ha ein kommuneplan med samfunnsdel og arealdel (Plan- og bygningslova §§ 11-1 og 2). 

 

Sykkylven sin samfunnsplan er frå  2011.  Kommunestyret har vedtatt at det skal lagast ein ny samfunnsplan for kommunen. 

I samfunnsplanen skal kommunestyret definere dei overordna vegvala, og langsiktige mål for korleis ein ønsker at Sykkylven kommune skal «sjå ut» i framtida. Planen skal ta utgangspunkt i utfordringar, utviklingstrekk og moglegheiter som pregar kommunen nå og i åra som kjem. 

Samfunnsplanen er eit verktøy som både politisk og administrativ leiing skal bruke for at samfunnsutviklinga skal gå i ønska retning. Planen gir føringar for alle andre kommunale planar, politikk og tenester. 

Samfunnsplanen skal gi retning til lokalsamfunnsutviklinga og bidra til at nasjonale mål blir tilpassa lokale tilhøve. 

Planarbeidet skal vere prega av medverknad og offentlegheit. Alle interesserte aktørar – både private og offentlege, skal gjevast høve til meiningsytringar. På grunn av koronasituasjonen vert fysiske møter vanskeleg å gjennomføre. Kommunen vil søkje å bruke ulike digitale kanalar og legge til rette for best mogleg medverknad under dei til ei kvar tid gjeldande smittevernsreglar. 

I planprogrammet for arbeidet med ny samfunnsplan kan du lese meir om  korleis arbeidet er planlagt.

Sykkylven kommune sin samfunnsplan frå 2011 finn du her.