Arbeid

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Over ein ti-års periode frå 2008  minka talet sysselsette i Sykkylven. Størst nedgang var i industrien og innan varehandel og transport. Tilsaman forsvann fleire hundre arbeidsplassar i Sykkylven i denne perioden. 
Størst auke i same periode var innan helse- og sosialtenester med over 100 fleire sysselsette. (SSB07984).

Siste året har det vore ein positiv auke i sysselsettinga i industrien.

Utviklinga over tid i Sykkylven er negativt avvikande frå Møre og Romsdal fylke samla, og for landet. 

NAV sin Omverdensanalyse for 2021 peikar generelt på forventa høg omstillingstakt i arbeidslivet framover på grunn av teknologisk utvikling, globalisering og det grønne skifte. Koronapandemien vil framskynde omstillingane på fleire område. 

Ein må forvente at desse generelle utviklingstrendane også får verknad for Sykkylven. Utviklinga i  løpet av 2020 viser kor fort endringar kan skje. Då pandemien slo inn enda Sykkylven opp med landets høgaste arbeidsløyse (2020M03 i figuren under). Eitt år seinare var det stort behov for arbeidskraft i kommunen. Over tid har det vore låg arbeidsløyse i Sykkylven.

 

21% av arbeidsstyrken busett i Sykkylven pendlar ut av kommunen. Dette er ein auke frå 17% i 2010. (Fylkesstatistikk/SSB). Hovudstraumen går mot Ålesund.

Trass i eit sterkt og godt næringsliv er kommunen rekna som næringsmessig sårbar grunna høg bransjespesialisering og høg hjørnesteinsfaktor.  

I 2020 vart det starta eit eige omstillingsprosjekt for kommunen.  Hovudmålet for omstillinga er å bidra til å skape nye og sikre arbeidsplassar gjennom å skape ein meir robust og variert næringsstruktur. Les meir om prosjektet hos Sykkylven næringsutvikling. Fylkestinget har løyvd 4 millionar til første år av gjennomføringsfasen for omstillingsarbeidet.