Arealbruk

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Fortetting
I kommunedelplan for sentrum – Ikornnes, vedtatt i 2019, er det lagt til rette for høgare utnytting av bustadområda. Planen overstyrer eldre reguleringsplanar og vil opne for tettare utbygging. 
Ut frå eit berkraftperspektiv vil betre utntting av alt utbygde areal gi redusert press på matjord, og ein vil legge grunnlag for auka kollektivtransport og mindre transportbehov. 


Næringsareal
Større næringsareal er på Vik, i Straumgjerde, på Ikornnes og Jarnes, samt Aursnes-Ullavik. 
Ved rullering av kommunedelplan sentrum-Ikornnes (2019) signaliserte næringslivet ikkje behov for nye, større arealer. Ledig industriareal ligg i dag i hovudsak på Jarnes og Vik. Areala er ikkje kommunalt eigde.
Kommunen eig eit større, unytta areal i Søvikdal som er avsett til industri. 

 

Matjord
Sykkylven kommune opplever størst etterspørsel etter sentrumsnære bustadtomter. I same område ligg gode jordbruksareal. Balansegangen mellom jordvern og nyetableringar er utfordrande. 

Sentrum
Sentrum har begrensa med utvidingsareal. I hovudsak er utvidingspotensialet høgare arealutnytting innanfor utbygt område, samt ubebygt areal på sjøsida på den tidelgare godsterminaltomta. Kommunestyret har ikkje tatt stilling til korleis dette arealet skal brukast.