Folketal

Folketal

Folketalet i Sykkylven går ned.   

Siste åra har Sykkylven sett ein svak nedgang i folketalet. 

Statistisk sentralbyrå (SSB) bereknar framtidig folketal ut frå ulike føresetnadar om fruktbarhet, dødelighet, innvandring og utvandring.  

Framskrivingane vert laga i fleire alternativ på grunnlag av ulike nasjonale utviklingsmogleheiter. 
Hovudalternativet, som vert tilrådd brukt i planlegging, er basert på ei middels utvikling innanfor dei ulike faktorane.

 

For Sykkylven viser hovudalternativet ein sannsynleg nedgang folketalet frå 7625 innbyggarar i 2020 til 7251 i 2030.  Altså 374 færre innbyggarar dei neste ti åra.  I 2040 ventar SSB at folketalet er minka ytterlegare, til 7055 personar. (SSB 12882)

Utviklinga har i aukande grad blitt avhengig av innvandring. I åra som kjem forventar SSB at kommunen i endå større grad vil vere avhengig av innvandring for å dempe nedgangen i folketalet.