Helse og omsorg

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Eldre

Talet eldre i Sykkylven vil auke i åra framover. Dette vil ha store følgjer for dei kommunale tenestene. 

Den største veksten vil kome i gruppa over 80 år. I følgje framskrivinga vil det vere nær dobbelt så mange 80-åringar i 2030 som i dag. Veksten vil halde fram mot 2040. 

 

Auka behov for omsorgstenester
Auken i tal eldre vil gi store endringar i tenestebehovet i åra framover. Pr 2020 var det 85  heildøgns omsorgsplassar/institusjonsplassar i Sykkylven. Aldersgruppa over 80 år er naturleg nok brukarar av størstedelen av desse plassane. 

Sykkylven har ein lågar andel over 80 år på institusjon enn snittet for landet (7,8 mot 11,2%), men fleire mottek heimetenester. 34% av alle innbyggarane over 80 år mottok ein eller fleire heimetenester i 2020, medan landssnittet var 29,0%. 

Utgiftene pr opphaldsdøgn på institusjon er i snitt om lag kr 4.000, om lag på landssnittet. 


Ut frå dagens tenestenivå vil det vere behov for 90 fleire årsverk innanfor institusjon og heimetenseter i 2040.  

 

Demens

Det nasjonale kompetansesenteret Aldring og helse har laga demenskart og prognoser for demensutviklinga.  

 

 

Folkehelse og universell utforming

Auka fokus på folkehelse kan førebygge mange helseplager og gi betre livskvalitet. Særleg med tanke på at vi lever lengre, er betre helse sentralt for god livskvalitet i alderdomen. Folkehelse skal vere eit gjennomgåande element i all kommunal verksemd.

Universell utforming skal og vere eit gjennomgåande prinsipp i all kommunal aktivitet. Eit universellt utforma samfunn legg til rette for inkludering og tilrettelegging for alle, og gjeld ikkje berre fysiske tiltak. 

Kunnskap om folkehelsa i kommunen finn mellom anna i Folkehelseoversikt 2020, i folkehelseinstituttet sin årlege statusrapport, i Ungdata-kartlegginga, mm.  Resultat frå kartlegging av universell utforming i sentrum er tilgjengeleg på norgeskart.no.