Kultur og idrett

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Kommune har eit allsidig kultur og idrettsliv med mange aktive lag og organisasjonar. Idrettsanlegg og kulturbygg/forsamlingslokaler er fordelt over heile kommunen. Hundeidvik (fotballbane, idrettshall, motorcrossbane, grendahus) Ikornnes (fotballbane, friidrettsbane, ungdomshus), Straumgjerde (fotballbane, ungdomshus), Velledalen (fotballbane, svømmebasseng, grendahus) og sentrum (fotballbane, idrettshall, kulturhus, svømmebasseng). Alpinanlegg og lysløype på fjellet. Lysløype i Søvikdal.

Kommunale utgifter kultur og idrett:

Fysisk aktivitet unge 
Andelen unge (ungdomstrinnet) som trenar i idrettslag og i treningsstudio ligg på landsgjennomsnittet (52%). 
Andelen som er fysisk inaktive er høgare i Sykkylven enn landssnittet. Det er også færre som trenar på eiga hand, og færre som trenar minst ein gong i veka, samanlikna med landssnittet. 
Kjelde: Ungdata 2020

 

Kulturindeks
Sykkylven kommune ligg på 260.plass på Telemarksforskning sin nasjonale kulturindeks.  Det er ein nedgang frå året før då kommunen var på 226.plass.  
Kommunen skårar høgast på frivillighet knytt til kor og korps, til deltaking i Den kulturelle skulesekken og i antal visuelle kunstnarar i fohold til folketalet.  Kommunen kjem svakast ut på tildelingar, kulturarbeidarar og konsertar.