Økonomi

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Kommunane er lovpålagt å vedta finansielle måltal som skal bidra til å sikre ein langsiktig, berekraftig økonomi.
I økonomiplan for 2021-2024 (K-sak 100/20)  vedtok Sykkylven kommunestyre følgjande finansielle måltal:

          Netto driftsresultat på minimum 1,75% av driftsinntektene. 
          Disposisjonsfond skal over tid utgjere minimum 5% av driftsinntektene. 
          Netto lånegjeld skal over tid utgjere 100% av driftsinntektene.

Måltala er ikkje absolutte for det einskilde rekneskapsår, men mål ein skal arbeide mot å nå.

Dette er mykje brukte måltal i kommune-Norge. Tala gir ein indikasjon på kommunen sin økonomiske handlefridom. 
Vedtatt investering i ny barneskule reduserer Sykkylven kommune sin økonomiske handlefridomen dei næraste åra, noko som vert gjenspegla i forventa utvikling for måltala.

 

 

 

 

 

 

Låginntektskommune
Sykkylven kommune mottek relativt sett mindre i rammetilskot frå staten enn mange andre kommunar. Figuren under viser inntektsavvik frå landsgjennomsnittet saman med produksjonsindeksen. 
Produksjonsindeks nær landsgjennomsnittet, trass i større avvik i  inntekt, indikerer effektiv drift med god resursnytting.