Oppvekst og utdanning

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Barnehagealder
Framskrivingane frå SSB viser at tal barn i barnehagealder vil gå ned fram til 2030, deretter ein viss auke fram til 2040, men ikkje til dagens nivå. 

Det er full barnehagedekning i kommunen (fire private og fem kommunale barnehagar). 

 

Grunnskulealder
SSB sine framskrivingar viser ein jamn nedgang fram til 2030. Gruppa 13-15 år minkar ytterlegare fram mot 2040, medan 6-12 år er venta å stabilisere seg. 

I kommunen er det ein ungdomsskule, fire kommunale barneskular (Ullavik, Aure, Vik, Jarnes) og to private barneskular (Velledalen og Hundeidvik). 
Kommunestyret har vedtatt bygging av ny barneskule i sentrum, som skal erstatte Ullavik, Aure og Vik skule.

 

Grunnskulepoeng
Grunnskolepoeng er eit mål for det samla læringsutbytte for elevar som er sluttvurdert med karakterar og blir brukt som kriterium for opptak til vidaregåande skule. 
Grunnskulepoeng er summen av elevane sine avsluttande karakterar, delt på antal karakterar og ganga med 10.

 

Vidaregåande skule-alder
Prognosen viser litt svingande innbyggartal i denne aldersgruppa. Den største nedgangen er venta i åra etter 2030.

Sykkylven vidaregåande skule tilbyr eit varierte utdanningsprogram innan studiespesialisering, helse- og oppvekstfag, teknikk- og industriell produksjon, samt elektrofag. Skulen har om lag 300 elevar.

Gjennomsnittleg standpunktkarakter for avgangselevar ved Sykkylven vgs skuleåret 2019/20 var i 10 av 17 fag, lik eller høgare enn resultata for Møre og Romsdal fylke og for Norge. Gjenomsnittleg standpunktkarakter for same kull var også over fylket og landet. (skoleporten.no)