Tenestebehov

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Ei hovudoppgåve for kommunane er å produsere gode tenester til innbyggarane.  Når folketal og aldersamansetting endrar seg får det direkte verknad for tenestebehov og kommuneøkonomi.  

Endringane gir utslag på Staten sine berekningar av utgiftsbehovet i kommunen, og der i gjennom kor mykje rammetilskot kommunen får. 
Sykkylven får alt no ein reduksjon i rammetilskotet på rundt 1 mill pr år på grunn av endringar i folketal og alderssamansetting.  

 

Auka behov for omsorgstenester
Ut frå dagens tenestenivå og SSB sine framskrivingar av folketalet fram mot 2040, må kommunen forvente behov for vesentleg fleire årsverk innanfor omsorgstenestene, og eit redusert behov innan barnehage og grunnskule. 


Figuren under viser forventa årsverksbehov ut frå dagens tenestenivå og SSB sine framskrivingar av folketal.  

Utviklinga gjer at kommunen heile tida må vurdere korleis ein kan gi best moglege tenester ut frå behov og innanfor dei til ei kvar tid økonomiske rammene. Samtidig må ein vente at tenester kan bli ytt på andre måtar i framtida, der ein tek i bruk ny teknologi, organiserer tilboda på nye måtar, osb.  

Innanfor omsorgssektoren er ein til dømes  godt i gang med å ta i bruk velferdsteknolgi. Det kan bidra til auka tryggleik, sosial deltaking, mobilitet og fysisk og kulturell aktivitet. Teknologien kan styrke den einskilde si evne til å klare seg sjølv i kvardagen til tross for sjukdom og sosial, psykisk eller fysisk nedsett funksjonsevne