Barn med nedsett funksjonsevne

Barn med nedsett funksjonsevne

Kommunen skal sikre at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna tilrettelagt barnehagetilbod.  Tilrettelegginga kan til dømes omfatte utstyr, ekstra personalressurs eller fysisk tilrettelegging/ bygningsmessige endringar.

Rettane til barn med nedsett funksjonsevne er heimla i barnehagelova § 19 g. Foreldre har høve til å søke kommunen om tilrettelegging som er nødvendig for at barnet skal kunne nyttiggjere seg av barnehagetilbodet. Ein kan fylle ut og sende inn søknaden i samarbeid med barnehagen. Det er ingen føresetnad at barnet har sakkunnig vurdering frå PPT. Nedsett funksjonsevne skal vere dokumentert ved legeerklæring. Nødvendig dokumentasjon frå andre instansar skal leggast ved for å belyse saka (t.d. helsestasjon, StatPed, PPT, HABU, BUP). Kommunen skal etter søknad fatte vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbodet til barn med nedsett funksjonsevne. Dette gjeld for barn både i kommunale og private barnehagar. Foreldre har klagerett.

Søknadsskjema

 

Barn med nedsett funksjonsevne er ei samansett gruppe. Fleire av barna dette gjeld vil ha rett til både tilrettelegging etter § 19 g og spesialpedagogisk hjelp etter § 19 a (pedagogiske tiltak). Nedsett funksjonsevne er definert som «tap av, skade på eller avvik i ein av kroppens psykologiske, fysiologiske eller biologiske funksjonar». Tilretteleggingsplikta er avgrensa mot tilfelle som er av forbigåande art, til dømes beinbrot. Hovudregelen er at kommunen må tilrettelegge barnehagetilbodet i den barnehagen der foreldra ønsker at barnet skal gå. Men kommunens plikt til tilrettelegging er avgrensa til tilrettelegging som ikkje inneber ei uforholdsmessig byrde. I slike tilfelle kan barnet eventuelt bli tilbydd plass i ein annan barnehage som er betre tilrettelagt.

Dersom kommunen/PPT henviser eit barn til utgreiing hos StatPed, så har kommunen også eit ansvar for å dekke reiseutgifter til foreldre/barn på visse vilkår. Følgjande retningsliner gjeld:

Rutine for dekking av reiseutgifter i samband med utgreiing hos StatPed (PDF, 61 kB)

 

For meir informasjon kan du klikke på lenkene nedanfor:

Tilrettelegging av barnehagetilbodet etter § 19 G

Lov om barnehage § 19

Helsedirektoratet

StatPed

Kontakt

Øyvind Fet
rådgjevar barnehage
E-post
Mobil 482 75 096

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post