Barn med rett til teiknspråkopplæring

Barn med rett til teiknspråkopplæring

Barn under opplæringspliktig alder som har teiknspråk som førstespråk, eller som etter ei sakkunnig vurdering frå PPT har behov for teiknspråkopplæring, har rett til slik opplæring.

Kommunen skal oppfylle retten til teiknspråkopplæring for barn som er busett i kommunen. Dette gjeld også for barn som ikkje har plass i barnehage. Før kommunen fattar vedtak om teiknspråkopplæring skal den pedagogisk psykologiske tenesta (PPT) utarbeide ei sakkunnig vurdering.

Tilbodet om teiknspråkopplæring skal så langt som mulig utformast i samarbeid med barnet og barnets foreldre/føresette, og det skal leggast stor vekt på deira syn. 

Barnehagelova § 19 h

Kontakt

Øyvind Fet
rådgjevar barnehage
E-post
Mobil 482 75 096

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post