Barnehagar i SykkylvenI Sykkylven kommune er det tre kommunale og fire private barnehagar. Sist endra 06.09.2023 08.49 Dei fleste barnehagane gir kun tilbod om heil plass (5 dagar pr veke). Unntaket er Velledalen naturbarnehage som også har tilbod om 80% plass (4 dagar per veke). Lenker til dei ulike barnehagane finn du under. Årsplan for den enkelte barnehage finn du ved å klikke deg inn på heimesida til den aktuelle barnehagen. Kommunale barnehagar: Blakstad naturbarnehage Ullavik barnehage Vikedalen barnehage Private barnehagar: Ikornnes FUS barnehage Krikane barnehage Tryggheim barnehage Velledalen naturbarnehage Den Sykkylvske Barnehage: Den Sykkylvske Barnehage bygg på ei forståing av at alle dei kommunale og private barnehagane i kommunen gjennom samarbeid og felles satsing kan skape eit betre barnehagetilbod, og utnytte kvarandre sine kunnskapar og ferdigheiter. Felles kompetanseutvikling står sentralt. Visjonen er: "Ein plass for den gode barndom - felles innsats mot felles mål". Den sykkylvske barnehage (PDF, 224 kB) Barnehagane er plassert i ulike delar av kommunen: Oversiktskart (PDF, 64 kB)