Opningstider og barnehageruteDei fleste barnehagane i Sykkylven har ope 10,25 timar kvar yrkesdag. Alle barnehagane har fem planleggings-/studiedagar gjennom året. Sist endra 20.04.2023 11.24 Barnehagane er heildagsbarnehagar som tilbyr plass 5 dagar per veke. Unntaket er Velledalen naturbarnehage som også har tilbod om 4-dagars veke. Foreldre vert oppmoda om å ta omsyn til at barnet ikkje skal ha for lange dagar, sjølv om fleksibiliteten er stor. Opphaldstid over 8-9 timar er ikkje til barnets beste. Forsking syner at særleg dei yngste barna aukar produksjonen av stresshormon dersom dagane vert lange. Barnehagane har fylgjande normalopningstider: Blakstad naturbarnehage: 6.30 – 16.45 Ullavik barnehage: 6.45 – 17.00 Vikedalen barnehage: 6.30 – 17.00 Ikornnes FUS barnehage: 6.45 – 17.00 Krikane barnehage: 6.45 – 17.00 Tryggheim barnehage: 6.45 – 17.00 Velledalen naturbarnehage: 6.30 – 16.45 Den enkelte barnehage kan i samråd med samarbeidsutval/foreldreråd bestemme kortare opningstider utifrå behov. Barnehagane er normalt stengt i fire veker om sommaren (fellesferien). Dei kommunale barnehagane gir tilbod om opphald første og siste veke i fellesferien, dersom interessa er stor nok (sjå vedtektene). Barnehagerutene er sett opp i samråd med styrarane ved dei kommunale og private barnehagane. I samsvar med sentral forbundsvis avtale skal barnehagane ha fem planleggings-/studiedagar gjennom året. Dette vert innarbeidd i felles barnehagerute for alle barnehagane. Den enkelte barnehage kan likevel gjere endringar i barnehageruta i samsvar med delegeringsreglane for samarbeidsutval. Barnehagane held ope både i haust- og vinterferien. Barnehagerute 2022-2023 (PDF, 78 kB) Barnehagerute 2023-2024 (PDF, 78 kB)