Søk barnehageplass

Søk barnehageplass

Alle som ønsker barnehageplass, eller ønsker å bytte barnehage, skal nytte elektronisk søknadsskjema.

Hovudopptak:

Dei barna som fyller eitt år seinast innan utgangen av november det året ein søkjer barnehageplass for, har lovfesta rett til plass. Føresetnaden er at ein søker innan fristen for hovudopptaket. Retten til barnehageplass gjeld i den kommunen der barnet er busett. Foreldre/føresette til eit barn som allereie har barnehageplass, men som ønsker å bytte til ein annan barnehage, må søke på ordinær måte i hovudopptaket. Også alle som står på venteliste må huske å søke på nytt i hovudopptaket.

Supplerande opptak:

Kommunen har også supplerande opptak gjennom barnehageåret. Søkarane kan då få tildelt plass ved ein av dei barnehagane som har ledig kapasitet.

 

Elektronisk søknadsskjema

 

Dei som ikkje har tilgang til eigen datamaskin kan få hjelp på Servicetorget. Nærmare informasjon om opptakskriterier, prioritet ved opptak etc. finn du i §6 i kommunale barnehagevedtekter:

Kommunale barnehagevedtekter (PDF, 239 kB)

 

Overflytting for søsken:

Foreldre/føresette som har barn (søsken) som ikkje går i same barnehage, har rett til å søke om "søskensamanslåing". Søknadsfristen er ei veke før fristen til hovudopptaket. Søknaden skal fyllast ut manuelt og leverast til Servicetorget eller styrar. Søknadar om overflytting for søsken vert handsama i forkant av hovudopptaket.

 

Nasjonal forskrift om saksbehandlingsreglar skal sikre at opptak i barnehage skjer rettferdig og på ein måte som sikrar søkarane sin rettstryggleik:

Forskrift om saksbehandlingsreglar ved opptak i barnehage

Kontakt

Øyvind Fet
rådgjevar barnehage
E-post
Telefon 70 24 66 08