Søk redusert foreldrebetaling

Søk redusert foreldrebetaling

Familiar med lav inntekt kan ha krav på redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid. Ingen hushaldningar skal betale meir enn 6% av samla skattepliktig inntekt for ein barnehageplass. For barnehageåret 2019/2020 kan familiar med ei samla inntekt under 557 500 kroner søke om redusert betaling. Skattemelding (sjølvmelding) skal leggast ved som dokumentasjon.

Ordninga med redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid er søknadsbasert. Vedtak om redusert betaling gjeld for berre eitt år om gongen, og ein må difor søke på nytt for kvart barnehageår.

Elektronisk søknadsskjema

Dei som ønsker reduksjon i betalinga gjeldande frå starten av eit nytt barnehageår må søke innan fristen 10. juni. Det kan også søkast undervegs i året, men då vil reduksjonen i betalinga tidlegast gjelde frå månaden etter at kommunen tek imot søknaden. Den vil ikkje ha tilbakeverkande kraft. Ordninga gjeld både for kommunale og private barnehagar. Det er den kommunen der barnet er folkeregistrert som skal handsame søknadar om betalingsreduksjon.

 

Redusert foreldrebetaling:

Gjeld for alle barn uansett alder.

Gratis kjernetid:

Gjeld for 2-, 3-, 4- og 5-åringar, samt barn med utsett skulestart. For barnehageåret 2019/2020 vil gratis kjernetid såleis gjelde for barn som er fødd i 2017 eller tidlegare. Barn som bur i familiar med ei samla skattbar inntekt under 548 000 kroner har i tillegg til redusert foreldrebataling rett på 20 timar gratis opphaldstid per veke.

Du nyttar det same elektroniske søknadsskjemaet for begge ordningane.

Dokumentasjon:

For å få innvilga ein søknad om betalingsreduksjon vert det stilt krav om skriftleg dokumentasjon på inntekta. Så sant ein ikkje er einsleg skal det leverast dokumentasjon for begge foreldre/føresette. Siste skattemelding (sjølvmelding) skal sendast som vedlegg i søknaden. Unntaksvis kan kommunen godta anna form for dokumentasjon. Dette gjeld dersom det har skjedd ei vesentleg og varig endring av inntekta (t.d. arbeidsløyse), slik at skattemeldinga ikkje gjenspeglar den faktiske inntekta. Hushaldningar som ikkje kan legge fram skattemelding (t.d. innvandrarar/flyktningar) kan legge fram annan dokumentasjon for inntekt.

 

Både person- og kapitalinntekt skal reknast med. Dersom det er vesentlege endringar sidan siste skattemelding, er du som søkar pliktig til å opplyse om dette.

Meir utfyllande opplysningar finn du ved å klikke på lenkene nedafor:

 

Foreldrebetaling

Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar

Kontakt

Øyvind Fet
rådgjevar barnehage
E-post
Telefon 70 24 66 08