Søke, svare, bytte eller seie opp barnehageplass

Søke, svare, bytte eller seie opp barnehageplass

Sykkylven kommune nyttar no foreldreportalen i Visma Flyt Barnehage. Her kan foreldre/føresette registrere sine ønsker elektronisk. Dette gjeld både søknad om ny barnehageplass, søknad om å bytte/endre plass, svar på tilbod og oppseiing av plass. Foreldreportalen vert nytta både for kommunale og private barnehagar.

Ved å klikke på linken under kjem du til innloggingssida i foreldreportalen. Dersom du treng hjelp kan du ta kontakt med Servicetorget (tlf 70 24 65 00) eller rådgjevar barnehage (tlf 482 75 096).

Foreldreportalen

Du loggar deg inn med elektronisk ID via ID-porten. Meir informasjon om foreldreportalen finn du ved å klikke her. (DOCX, 27 kB)

 

Søknad om barnehageplass:

Det er same søknadsprosess for kommunale og private barnehagar. Meir informasjon finn du ved å klikke her. (DOCX, 28 kB)

 

Søknad om å bytte barnehageplass:

Dersom du allereie har plass, kan du søke om å få bytte til ein annan barnehage. Meir informasjon finn du ved å klikke her. (DOCX, 27 kB)

 

Svare på tilbod om barnehageplass:

Meir om korleis du svarer på tilbod om barnehageplass finn du her. (DOCX, 27 kB)

 

Klage på tilbod/avslag om barnehageplass:

Meir om klagerett og framgangsmåte ved klage i samband med tildeling/avslag om barnehageplass finn du ved å klikke her. (DOCX, 27 kB)

 

Seie opp barnehageplass:

Meir om oppseiing av barnehageplass finn du ved å klikke her (DOCX, 27 kB)

 

Alle som takkar ja til tilbod om barnehageplass pliktar å stadfeste at dei har lest og akseptert vedtektene til barnehagen. Vedtektene til kommunale barnehagar finn du i lenka under:

Kommunale barnehagevedtekter (PDF, 239 kB)

Vedtektene til dei private barnehagane finn du ved å logge deg inn på heimesida til den aktuelle barnehagen. Sjå under "Barnehagar i Sykkylven".

 

Nasjonal forskrift om saksbehandlingsreglar skal sikre at opptak i barnehage skjer rettferdig og på ein måte som sikrar søkarane sin rettstryggleik:

Forskrift om saksbehandlingsreglar ved opptak i barnehage

Kontakt

Øyvind Fet
rådgjevar barnehage
E-post
Mobil 482 75 096

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post