Korttidsopphald

Eit korttidsopphald på sjukeheim er tidsavgrensa og kan vare frå ein dag til fleire veker. Tilbodet kan vere rullerande, det vil seie at du vekslar mellom å bu heime og på sjukeheim. 

Kven kan få tilbod om korttidsopphald? 

Du kan søke om korttidsopphald dersom du har behov for heildøgns pleie og omsorg i ein periode. Har du behov for gjentatte korttidsopphald over tid, kan du søke om rullerande opphald i sjukeheim. 

Pårørande kan søke på dine vegne. 

Målet med korttidsopphald er bedring av helsetilstand og funksjonsnivå slik at du kan ha eit aktivt liv og mestre kvardagen best mogleg. Du kan få tilbod om: 

  • Kartlegging av hjelpebehov 
  • Oppfølging av demens- og/eller somatisk sjukdom 
  • Lindrande pleie og omsorg
  • Avlastingsopphald 
  • Rehabiliteringsopphald 

Slik søker du

Det er felles søknadsskjema for alle helse- og omsorgstenester i Sykkylven kommune. 

I søknaden skriv du kva du treng hjelp til og kvifor du søker om korttidsopphald.