Aktuelt

04.04.2022 09.22

Frivillig - Vil du vere brubyggar?

Frivillig - Vil du vere brubyggar?

Alle innbyggarane har ei viktig rolle i kommunen sitt integreringsarbeid. Vi oppfordrar alle som møter nye sykkylvingar å vise forståing og vere rause og inkluderande. Dette legg eit godt grunnlag for det vidare integreringsarbeidet i bygda.

Ønsker du å aktivt bidra i integreringsarbeidet kan du ta kontakt. Vi har behov for fleire ressursar i våre tiltak. I dag samarbeider vi med Redd Barna om leksehjelp for flyktningborn (i regi at biblioteket) og språkkafé på Fønix. I tillegg har vi familiar som søker språkvenar, bonusfamiliar, reservebesteforeldre eller sykkylvsguidar som dei også kan beskrivast som.

Vi samarbeider også med andre lokale lag og organisasjonar i integreringsarbeidet: Røde Kors, Mental Helse, Gi Glede og Sykkylven idrottslag er nokre av desse organisasjonane.

Ønsker du å gi klede, leiker eller anna utstyr som dei nybusette kan ha glede av kan du ta kontakt med  Gi Glede https://gi-glede.no/  som er vår samarbeidspartnar på dette området.

Ynskjer du å bidra i dette viktige arbeidet, ta kontakt med ein av oss eller bruk registreringsskjemaet:

Registreringsskjema for frivillege 

Besøksadresse: 
Haugneset 20, 3. et.

Postadresse: 
Sykkylven kommune 
Flyktningtenesta 
Kyrkjevegen 62
6230  SYKKYLVEN

Aktuelle lenker:

Gi Glede

https://www.imdi.no/ukraina/hjelpe-flyktninger/

Redd Barna  

Kontakt

Hanne Kristin Støylven
Fagleiar flyktningtenesta
E-post
Telefon 478 04 517

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Mette Ulvestad
Programrådgjevar flyktningtenesta
E-post
Mobil 952 47 102

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Aslak Krokfoss
Programrådgjevar flyktningtenesta
E-post
Mobil 977 29 945

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post   

Ole-Bjørn Rogne
Programrådgjevar flyktningtenesta 
E-post
Mobil 952 47 102

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post