Aktuelt

26.08.2022 10.50

Har du ledig husvære til ukrainske flyktningar?

Har du ledig husvære til ukrainske flyktningar?

Hjelp til dei som må flykte frå krigsherjingane i Ukraina er eit felles ansvar der kommunane no må gjere seg klare til å hjelpe.

Mange har allereie meldt inn ledig husvære, og det er kjempe bra, men vi treng fortsatt fleire bustadar i sentrum. Har du noko ledig husvære i sentrum så meld det gjerne inn gjennom skjemaet nedst i artikkelen.

Sykkylven kommune har fått brev frå IMDI (Inkluderings og mangfoldsdirektoratet) med spørsmål om kor mange flyktningar frå Ukraina vi kan busetje dersom behovet endrar seg på kort varsel. Formannskapet har bestemt at kommunen kan ta imot inntil 37 flyktningar samla, men er også innstilt på å vurdere dette talet fortløpande.

Bustadar som kommunen har tilgjengeleg, er ikkje nok til å dekke behovet dersom flyktningstraumen aukar og fleire av dei som no er på flukt frå Ukraina kjem til Sykkylven.

Vi kan kome til å trenge fleire husvære, og ber deg derfor om å melde frå til oss dersom du har bustad som kan leigast ut for kortare eller lengre periode. Vi er primært ute etter bustadar som er utrusta til å kunne brukast som fast og langsiktig bustad

Har du ledig husvære er det fint om du fyller ut dette skjemaet og sender inn:

Skjema - Utleige av husvære