Koronaviruset

18.05.2020 11.49

Jordmor

Jordmor

Du er velkommen til å kontakte jordmor så snart du sjølv ønskjer det. Oppnår du ikkje kontakt via telefon, så legg igjen navn og telefonnummer på servicetorget og du vil bli kontakta så snart som råd. Jordmor jobbar saman med helsesjukepleiarane og helsesekretær på helsestasjonen. 

Kva tilbyr vi?

Svangerskapsomsorga er basert på den nasjonale retningslinja utgitt av Helsedirektoratet, du kan lese meir om den her.

Jordmor ynskjer å møte deg så tidleg som mogleg i svangerskapet og bidra til at du får ei trygg og god oppleving av å vere gravid. Du vel sjølv om du ynskjer oppfølging hos jordmor eller lege, eller i kombinasjon. Partner er velkommen!

Jordmor og/eller lege fyller ut "helsekort for gravide" saman med deg og i det høve gjerast ei kartlegging av kva oppfølging ein tenkjer du bør ha i svangerskapet. Du får alltid høve til å kome med spørsmål og tankar.

Ein tilrår at du går regelmessig til konsultasjonar under svangerskapet. Vanlig sjekk er mellom anna: blodtrykk, protein i urin, vektoppgang, vekst av livmora, fosterlyd, korleis barnet ligg i livmora, nokre gonger blodprøver og sjølvsagt spørsmål om korleis du har det.

Dei vanlegaste tema jordmor tek opp undervegs er: fysisk-. og psykisk helse, aktivitet, kosthald og kosttilskot,  legemiddel, alkohol og illegale rusmiddel, røyk og snus, oppleving med vald/overgrep, svangerskapsplager, amming, fødsel og barseltid, prevensjon, foreldrerolle.

Tolketelefon vert brukt ved behov.

Etter fødselen får du tilbod om tidleg heimebesøk av jordmor.

Helsesjukepleiar tilbyr deretter ny kontakt med deg, etter tilrådd helsestasjonsprogram.

Kven kan få tilbodet?

Alle gravide som tek kontakt, får oppfølging av jordmor.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kontakt.

Kommunejordmor svarar på henvendingar når ho er tilgjengelig på kontoret på kvardagar.

Ålesund sjukehus, fødeavdelinga og legevakt har beredskap for gravide og fødande i kommunen.

Ålesund sjukehus, fødeavdelinga tlf: 70 10 59 40.

Legevakt: 116 117, Naudtelefon 113.

Nyttige lenker:

Fødeavdelinga, Helse Møre og Romsdal.

Helsenorge, gravid.

Matportalen.

Kjenn liv.

Mamma mia, Sanitetskvinnene, program for å fremme trivsel og helse før og etter fødsel.

Ammehjelpen.

Tryggmammamedisin.

Foreldrehverdag.

Amathea.

Helsenorge, nyfødte.

Helsenorge, fosterdiagnostikk.

Sex og samfunn, prevensjon.

Nasjonal veiviser ved vold og overgrep.

Kontakt

Marit Slyngstad
Jordmor
E-post
Telefon 70 24 65 00
Mobil 918 98 773

Kontortid: mandag, tirsdag, torsdag og fredag. Haugneset 20.

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post