Koronaviruset

02.07.2020 13.34

0-6 år

0-6 år

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) skal bidra til kompetanseheving og organiskasjonsutvikling i barnehagar, og gjere ei utgreiing og gir råd om behov for spesialpedagogisk hjelp(sakkunnig vurdering).

Kva tilbyr vi?

PPT gir sakkunnig uttale om utsett og framskoten skulestart.
PPT gir råd om logopedbehandling når dette fell inn under kommunen sitt ansvarsområde. 

PPT kan gi råd til føresette og personale i barnehagen om utvikling, trivsel og tilpasning.
PPT har eige førskuleteam, med to pedagogisk-psykologiske rådgjevarar.

PPT har spesialpedagogisk team, som følgjer opp tilråding og vedtak om spesialpedagogisk hjelp, og gir direkte hjelp til barna. Slik hjelp kan vere ulike stimuleringstiltak som er grunnleggande for den vidare utviklinga til barnet. Tidleg innsats og heilskap i barnehagetilbodet er sentralt.

Du kan lese meir om PPT og spesialpedagogisk hjelp på Uttdanningsdirektoratet sine sider.

Kven kan få tilbodet?

Føresette og barn i førskulealder.
Personale i barnehagane.

Korleis få tilbodet?

Føresette kan ta kontakt gjennom barnehagen, helsestasjonen, evt. gjennom andre hjelpetenester.
Meldeskjema (DOCX, 65 kB) skal fyllast ut.

Pedagogisk rapport (DOCX, 29 kB), vi ønsker at barnehagar og/eller helsestasjonen skal ha gjennomført naudsynt kartlegging før melding til PPT. Barnehagen skal fylle ut pedagogisk rapport.
PPT kan gi råd til barnehagar om barn som ikkje er meldt til PPT, når føresette har gitt samtykke eller det er tilstrekkelig anonymisert. Barnehagane kan ta direkte kontakt med førskuleteamet eller fagleiar.
Systemmelding vert sendt til PPT dersom ein ønsker hjelp til utviklingsarbeid i barnehagen.

Kva skjer vidare?

Etter meldinga er mottatt vil føresette og meldar få tilbakemelding om planlagt oppstart. Saksansvarleg pp- rådgjevar vil gje tilbakemelding undervegs og etter fullført utgreiing. Etter sakkunnig tilråding om spesialpedagogisk hjelp, skal styrar i barnehagen gjere vedtak. I samarbeid med barnehagen følgjer spesialpedagogisk team i PPT opp tilråding og vedtak.

Klage

Foreldre kan klage på vedtak om spesialpedagogisk hjelp.

Lover og reglar

Barnehagelova.

Besøksadresse

Helse- og sosialsenteret,  Haugneset 20.

Kontakt

Tor Ove Myrseth
Fagleiar PPT
E-post
Mobil 950 87 304

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Ida Aspaas
PPT rådgjevar skule
E-post
Mobil 959 70 770

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Monica Øvreberg
PPT rådgjevar barnehage
E-post
Mobil 974 97 599

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Sondre Kaland
PPT rådgjevar
E-post
Mobil 469 06 315

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post