Koronaviruset

02.07.2020 13.34

Spesialundervisning for vaksne

Spesialundervisning for vaksne

Vaksne som har rett til grunnskuleopplæring kan også ha rett til spesialundervisning. Kommunen ved PPT skal vurdere og gi råd om kva den vaksne treng, og kommunen må gjere vedtak om spesialundervisning.

Kva tilbyr vi?

PPT skal gjere ei sakkunnig vurdering dersom den vaksne ber om det,
eller vaksenopplæringa meiner nokon treng spesialundervisning.

Du kan lese meir om vaksenopplæring på utdanningsdirektoratet sine sider.

Kven kan få tilbodet?


Vaksne som etter Oppl.lova § 4A-2:

  • ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet
  • har særlege behov for hjelp til å vedlikeholde eller utvikle grunnleggjande ferdigheiter
  • treng ny opplæring på grunn av sjukdom eller skade

Vaksne:

  • med nedsett hørsel/døve som treng opplæring
  • synshemma som treng opplæring
  • med språk-, stemme- eller talevanskar som treng opplæring

Korleis få tilbodet?

Du søkjer på søknadskjema (DOCX, 35 kB)for vaksenopplæring.
Søkjar skal bli involvert og samtykke før melding til PPT og vedtak.
Dersom ein har verge, har vergen dei same rettane som den vaksne har.

Kva kostar det?

PPT sine tenester er gratis.

Kva skjer vidare?

Etter søknadsskjema er mottatt, får PPT kopi og startar opp sitt arbeid. Sakkunnig vurdering vert utarbeidd og sendt til søkjar og rektor for vaksenopplæringa. Rektor gjer vedtak.
Det skal lagast individuell opplæringsplan (IOP) og årleg skriftleg rapport om spesialundervisninga og utviklinga til den vaksne.

Klage

Søkjar kan klage på vedtak.

Lover og reglar

Opplæringslova.

Besøksadresse

Helse- og sosialsenteret, Haugneset 20.

Kontakt

Tor Ove Myrseth
Fagleiar PPT
E-post
Mobil 950 87 304

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Inger Karin Rørstad
PPT rådgjevar skule
E-post
Mobil 915 82 987

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post