Aktuelt

26.08.2022 10.50

Psykisk helseteneste for barn og unge

Psykisk helseteneste for barn og unge

Kva tilbyr vi i Sykkylven?

  • Samtalar med barn, ungdom, foreldre/føresette
  • Samarbeid med andre instansar og faggrupper
  • Hjelp til å henvise vidare ved behov for utgreiing og lengre oppfølging

Korleis få tilbodet?

Ta kontakt med helsesjukepleiar på helsestasjonen eller på skulen.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Kva skjer vidare?

Psykiatrisk sjukepleiar tek kontakt.

Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal

Satsinga barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal består av sju samhandlingsforløp for dei vanlegaste psykiske plagene hjå born og unge. Forløpa fungerer som eit kart over tenestene og skal gi brukarar og fagpersonar betre oversikt over ansvarsområder og roller.

Klikk på lenka under for meir informasjon:

Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal