BAPP gruppe

BAPP gruppe

BAPP står for Barn Av Pårørende med Psykisk sjukdom eller rusvanskar

BAPP er eit førebyggjande helsetilbod for barn og ungdom som veks opp med foreldre eller andre nære omsorgspersonar som har psykiske vanskar og/eller rusproblem. Dette kan til dømes også vere søsken eller bonusforeldre.

Kva tilbyr vi?

Målsettinga er å førebyggje alvorlege vanskar hos barn og ungdom som følgje av rusproblem og/eller psykiske problem hos ein eller begge foreldra. Denne målsettinga kan oppnåast blant anna ved å minske belastinga og auke ressursane for barnet. Gjennom målretta kunnskapsauking hos barnet og opplæring av spesifikke ferdigheiter, forsterkast beskyttande faktorar og risikofaktorane vert redusert

Når foreldre slit med psykiske vanskar/rusvanskar, kan det vere mange utfordringar med å vere barn. BAPP-gruppe er eit tiltak som skal hjelpe til med å styrke barna. Viktige mål, er å hjelpe barna med å meistre og å finne ressursar. Eksempel på dette kan vere å seie frå, å be om hjelp og å søke hjelp hos familiemedlem, lærar, naboar eller andre dei kjenner tillit til. Barna blir styrka av å møte andre barn i liknande situasjon og ved å sjå at dei kan dele positive opplevingar og vere i eit fellesskap.

Kven kan få tilbodet?

BAPP er eit gruppetilbod for barn mellom 8-12 år og ungdom mellom 13-16 år som har foreldre eller andre nære omsorgspersonar i sitt oppvekstmiljø som har vanskar innan rus og/eller psykiatri.

Barna møtast totalt åtte gongar, ein gong i veka ca 1,5 time, på ettermiddagar (som regel rett etter skulen) der dei går gjennom ulike tema og aktivitetar i lag. Dei jobbar med rollespel, leikar, aktivitetar og ei enkel heimeoppgåve til neste gong. Det første som skjer kvar gong, er å dele eit fellesmåltid der ein snakkar om veka som har vore og går gjennom dagens program.  I tillegg til desse åtte treffa med barna, møtast foreldra to gongar til samling – ei ved oppstart og ei etter at barna er ferdige med sine treff. Etter ca tre månadar, har barna ei gjensynssamling. 

Korleis få tilbodet?

Om du har eit barn som du tenker kan ha nytte av dette tilbodet kan du ta kontakt sjølv, via helsesøster, skule eller andre involverte instansar. For å nå fram til barn og unge som treng dette tilbodet, er vi avhengig av di hjelp ved at du fortel om tilbodet til dei som er i aktuell målgruppe. Det er viktig at foreldra eller den det gjeld har forstått kva som er målsettinga med gruppa og at dei har vedkjend at dei har eller har hatt rus- og/eller psykiske vanskar. Det er også viktig at barn/ungdom er klar over dette.

 Ønskjer du meir informasjon, ta kontakt via Servicetorget, 70 24 65 00, eller Barne- og familietenestene, 91 58 29 87 (Inger Karin), e-post kan sendast til BAPP@sykkylven.kommune.no.

Du kan lese meir om BAPP på NTNU sine sider.

Kontakt

Inger Karin Rørstad
PPT rådgjevar skule
E-post
Mobil 915 82 987

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Servicetorget
E-post
Telefon 70 24 65 00
Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven, Norway

Opningstid: 10.00 - 14.00 

Sentralbordet er opne mandag - fredag kl. 09.00 - 15.30 

Adresse: Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven