BTI i Sykkylven

BTI i Sykkylven

Klikk for stort bilete  Sykkylven kommune nyttar samhandlingsmodellen Betre Tverrfagleg Innsats for å sikre god samhandling mellom dei ulike kommunale tenestene som arbeider med barn og unge. I samband med dette arbeidet, har vi utarbeidd eigen logo og visjon.

Formål

Det overordna formålet med BTI-arbeidet er å bidra til at barn, unge og deira familiar får nødvendig hjelp så tidleg som muleg. Målgruppa for arbeid etter BTI-modellen er barn og unge som har behov for hjelp, støtte og oppmerksomheit i korte eller lengre periodar i livet. BTI-modellen skal kvalitetssikre heilskapleg og koordinert innsats frå involverte tenester utan at det vert brot i oppfølginga. BTI bidreg til tidleg innsats, samordning mellom ulike tenesteområde og medverknad. 

Korleis
BTI-modellen deler arbeidet inn tre fasar:

  • Identifisering
  • Lokal innsats, i barnehagen/på skulen.
  • Tverretatleg samarbeid

Basisteneste, som barnehage og skule, har ei viktig rolle i BTI. Dette gjeld både  å identifisere og å sette i verk tiltak tidleg. Oppgåva med identifisering er også eit ansvar for alle hjelpeteneste  (helsesjukepleiar, lege, PPT og barnevern).

Tenester som er i kontakt med vaksne har eit spesielt ansvar med å identifisere barn som pårørande.

Samhandlingsmodellen er, som vist under, på fire nivå. Trykk på biletet under for meir informasjon om BTI.

Klikk for stort bilete

 

 

Vi har laga ein modell som viser ulike tiltak vi har på dei fire nivåa: 

 

Tabellen under har forferdeleg mange forkortingar. Nokre er i dagleg bruk og innarbeidde hos ein del, andre er nok heilt nye. Klikk på dei aktive lenkene for meir informasjon om tilboda vi har i Sykkylven.

 

 

 

 

              Nivå 0                                          

Identifiserer barn som bekymrer

              Nivå 1                                                                                                                     Tenesteinternt tiltaksarbeid

Nivå 2

Enkelt tverrfagleg samarbeid med få involverte tenester

Nivå 3

Komplekst tverrfagleg samarbeid med fleire involverte tenester

Solid start

MOT

COS

ICDP

Skulehelsesjukepleiar (trefftid)

Helsestasjon for ungdom

 

PIS-gruppe

Helsesjukepleiar (timeavtalar)

EPDS (jordmor)

Miljøterapeut (SUSK)

ICDP 

Solid start

Rusførebyggande team

Ressursteam (SUSK)

Inn på tunet (IPT)

Psykologisk førstehjelp

 

PMTO

COS

ICDP

Overgangsmøte

Euroadad

BAPP

Fagteam

Familieterapigruppe

Gardsskule/IPT-tilbod

Kommunepsykolog

DU-kurs for ungdom

Spes.ped.

Skulevegringsteam

Kommunepsykolog

Ansvarsgrupper

Individuell plan

Fagteam

Barnevernstiltak

Skulevegringsteam

 

 

 

Kontakt

Linda Nilsen Hovland
Einingsleiar barne- og familietenestene
E-post
Telefon 952 40 044

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Øyvind Fet
rådgjevar barnehage
E-post
Mobil 482 75 096

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Monica Søvik Hjelmevoll
skulefagleg rådgjevar
E-post
Telefon 70 24 65 00
Mobil 476 68 301

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post.

Margit Aure Overå
Rådgjevar helse og omsorg
E-post
Telefon 918 98 751

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Lena Nordvoll
Sakshandsamar
E-post
Telefon 476 14 207

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post