Koronaviruset

18.05.2020 11.49

Bustøtte

Bustøtte

Kva er bustøtte?

Bustøtte er ei behovsprøvd statleg stønadsordning for deg som har låg inntekt og høge bukostnader.

Kven kan få tilbodet?

Her finn du ut om du er i målgruppa

Her kan du berekne om du kan få bustøtte

Korleis søke?

Slik søker du bustøtte.

Vedlegg til søknaden:

  • Husleigekontrakt, om du leiger privat bustad Leiger du kommunal bustad eller omsorgsbustad treng du ikkje legge ved husleigekontrakt.
  • Nedbetalingsplan på bustadlån, om du eig bustaden du bur i.
  • Dokumentasjon på felleutgifter, om du bur i burettslag, sameige, aksjeleilegheit eller obligasjonsleilegheit.

Informasjon om inntekta di blir henta inn automatisk.

Om du treng hjelp til å fylle ut søknaden kan du ta kontakt med Servicetorget på rådhuset. Om du fyller ut papirsøknad skal den sendast til Sykkylven kommune.

Søknadsfrist

Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer rundt den 20. i påfølgjande månad.

Kva skjer vidare?

Dersom du får godkjent bustøtte, blir søknaden din overført til neste månad.

Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din automatisk overført til neste månad. Får du avslag 3 månader på rad må du søke på nytt.

Om du flyttar må du søke på nytt.

Hugs å melde frå om endringar

Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysningar i vedtaket du får. Du har plikt til å melde frå dersom det skjer endringar som kan ha betydning for berekning av bustøtta. Det kan for eksempel vere om nokon flyttar inn eller ut av husstanden eller om husstanden si formue endrar seg.

Klage

Om du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du mottok vedtaket.

Slik klagar du

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om bustøtte på Husbanken sine nettsider

Du kan og ta kontakt med Servicetorget i Sykkylven kommune for å få hjelp og rettleiing.

Lover og reglar

Lov om bustøtte

Forskrift om bustøtte