Kommunal bustad

Kommunal bustad

Kommunale bustadar er eit verkemiddel for å bistå vanskeligstilte i bustadmarknaden, og bustadane er i hovedregel midlertidig hjelp. Kommunal gjennomgangbustad er for dei  som ikkje klarer å skaffe seg eigna bustad sjølv eller med annan offentlig hjelp. Ordinær varigheit for leige er 3 år.

Kven kan søkje?

  • Søkjar(ane) må ha lovleg opphald i Norge.
  • Som hovudregel ha budd i Sykkylven det siste året.
  • Vere utan, eller vere i ferd med å bli utan eigna bustad.
  • Ikkje ha inntekt, formue eller alternative moglegheiter til å skaffe seg eigna bustad .
  • Ta imot tilbod om hjelp for å meistre butilhøve.

Søknadsskjema - kommunal bustad

Søknadsfrist

Søknadane vert behandla fortløpande.
 

Kva skjer vidare?

Om du får tildelt bustad, blir det inngått ein tidsbestemt husleigekontrakt mellom deg og Sykkylven Bustadselskap. Ordinær varigheit for leige er 3 år.
Det er venta at du sjølv aktivt prøver å finne annan bustad innan leigeavtalen går ut.
 

Nødbustad

Er du i ein nødssituasjon utan nokon stad å sove og opphalde deg neste døgnet, skal NAV Sykkylven hjelpe deg med å finne eit mellombels butilbod. Lenkje til NAV.

Kontakt

Lisbeth Schei Bjørdal
Einingsleiar
E-post
Mobil 910 09 625