Koronaviruset

18.05.2020 11.49

Omsorgsbustad

Omsorgsbustad

Eldre, sjuke, funksjonshemma og andre som har behov for tilrettelagt bolig, kan søkje om å få leige omsorgsbustad. Ein omsorgsbustad er tilpassa dei som er bevegelseshemma og tilrettelagt for at du skal kunne motta nødvendige helse- og omsorgstenester. Bustaden er din eigen heim, og tildeling av helse- og omsorgstenester skjer som for andre heimebuande.

Kven kan få tilbod?

Målgruppa er eldre, sjuke og personar med funksjonshemning med vesentleg funksjonsvikt, fysisk og /eller psykisk, som ikkje får tilfredstillande livskvalitet og tryggleik i eigen bustad.

Kva kan vi tilby?

Omsorgsbustader er tilrettelagt for helse- og omsorgstjenester utanfor institusjon. Bustaden er tilpasset orienterings- og bevegelseshemma og er fysisk tilrettelagt slik at bebuar med omfattande behov skal kunne motta heildøgns helse- og omsorgstenester utanfor institusjon. Omsorgsbustader er forbeholdt personar som på grunn av alder, funksjonshemming eller sjukdom har behov for slik bustad. 

Personer som bur i omsorgsbustad kan på visse vilkår søkje om bustøtte. 

 

Korleis få tilbod?

Ein søkjer omsorgsbustad ved å fylle ut søknadskjema for helse og omsorgsstenester.  (DOCX, 54 kB)

Kommunen vil ta ei heilhetsvurdering utifrå brukers behov og kor vidt det er ledige omsorgsbustader.  

Helse og omsorgstenster som heimesjukpleie og praktisk bistand har ein rett på uavhengig av kva type bustad ein bur i.