Koronaviruset

18.05.2020 11.49

Startlån

Startlån

Kven kan få startlån?

Startlån kan vere ein mogeleg inngang til bustadmarknaden for husstandar som ikkje får vanleg bustadlån eller som har vanskar med å bli buande i bustaden sin. Har du låg inntekt kan startlånet kombinerast med tilskot eller bustønad.

Startlån kan gje deg moglegheit til å få ein nøktern og rimeleg bustad.

Vi legg vekt på at:

  • du har langvarige problem med å finansiere eigen bustad.
  • du har nytta moglegheita til sparing ut i frå din økonomiske situasjon.

Startlån er behovsprøvd.

Sjekk om du er i målgruppa for startlån

Kva kan du få startlån til?

Les meir på Husbanken sine nettsider

Kor mykje kan du låne?

Les meir på Husbanken sine nettsider

Slik søkjer du

Søknadsskjema

Du kan få hjelp til å fylle ut søknaden i Servicetorget på rådhuset.

Kva skjer vidare

Søknadar blir behandla fortløpande.

Normal behandlingstid er 4 - 6 veker, men kan vere lenger i samband med høgtider og feriar.

Søknadar vert ikkje rekna som levert, og vil ikkje bli behandla, før all naudsynt dokumentasjon er mottatt.

Klage

Du har rett til å klage om du meiner noko i vedtaket er feil. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er sendt. Klagen skal vere skriftleg og grunngjeven. Den skal sendast til Sykkylven kommune, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven.

For deg som alt har startlån

Det er Lindorff AS som forvaltar startlån for Sykkylven kommune. Etter at lånedokumenta mellom deg og Sykkylven kommune er signert blir dei sendt til Lindorff AS og dei tar over oppfølginga av lånet. Lindorff AS har ei sjølvbeteningsløysing, Min side, der du finn det meste av informasjon om lånet ditt.

Lover og reglar

Forskrift om startlån