Tilskot

Tilskot

Husbanken gir tilskot til kommunar som kan tildele tilskot vidare til enkeltpersonar. Kommunen tildeler tilskot  etter ei økonomisk behovsprøving.

Tilskot til tilpassing av bustad.

Treng du å få tilpassa bustaden din for å kunne halde fram med å bu der? Då kan du søke om finansiering til små eller store ombyggingar og tilpassingar.

Les meir om ordninga på Husbanken si heimside.

Tilskot til etablering i eigen bustad.

Tilskotet skal bidra til å skaffe eigna bustadar for personar som er vanskelegstilte på bustadmarknaden. Tilskotet skal også sikre at vanskelegstilte kan bli buande i eigna bustad.

Les meir om ordninga på Husbanken si heimeside.

Tilskot til utgreiing og prosjektering.

Treng du å få tilpassa bustaden din, kan du søke om tilskot til profesjonell prosjekteringshjelp.

Les meir om ordninga på Husbanken si heimeside.

 

Slik søkjer du?

Søknadsskjema

Du kan få hjelp til å fylle ut søknaden i Servicetorget på rådhuset i Sykkylven kommune.

Kva skjer vidare?

Normal behandlingstid er 4 - 6 veker, men kan vere lenger i samband med høgtider og feriar.

Søknadar vert ikkje rekna som levert, og vil ikkje bli behandla, før all naudsynt dokumentasjon er mottatt.

Klage

Du har rett til å klage om du meiner noko i vedtaket er feil. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er sendt. Klagen skal vere skriftleg og grunngjeven. Den skal sendast til Sykkylven kommune, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven.