Koronaviruset

11.09.2020 08.52

Dagsenter for eldre

Dagsenter for eldre

Kva tilbyr vi?

Dagsenter er eit førebyggande, rehabiliterande /habiliterande tilbod.

Dagsenteret kan vere med på å oppretthalde eigenomsorg, førebygge einsemd, aktivisering og vedlikehald i dagleglivets gjeremål.

Førebygge behov for omfattande heimeteneste eller institusjonsopphald.

Kva skjer på dagsenteret?

Dagsenteret er ope måndag, tysdag, torsdag, fredag kl 09 til 16

Brukarane blir henta heime av «Oskarbilen» som starter frå Buas kl 09:30 og returnerer frå Buas kl 15:30.

Måltid: lunsj kl 12 og middag kl 14.45

Dagsenteret ynskjer å gi personar fellesskap, aktivitet, sosial stimulans og kunne dele eit godt måltid.

  • trim
  • bingo
  • handarbeidsaktiviteter
  • musikk/ sang
  • andakt
  • spel
  • div. samankomster, samlinger og andre arrangement

Kven kan få tilbod?

Dagsenter på BUAS er eit tilbod til eldre heimebuande med behov for aktivisering/sosial deltaking ,

samt eit avlastningstilbod til pårørande som yter omsorg for sine eldre.

Korleis få tilbod?

Søknadsskjema finn du her. (DOCX, 54 kB)

Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema kan du ta kontakt med heimetenestene

som har base ved Buas. Servicekontoret i Rådhuset kan også hjelpe deg.

Kva kostar det?

Dagsenter er gratis, betaling for måltid etter fastsett pris.

Her finn du prisliste

Kva skjer vidare?

Søknadar blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 3 veker skal du  ha

mottatt  svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar.

Kontakt

Linda Tryggestad Søvik
Fagleiar Heimetenestene distrikt 1
E-post
Mobil 918 98 759

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Dagsenter for eldre ved BUAS
Mobil 977 29 697

Opningstid er: mandag, tirsdag, torsdag og fredag.