Institusjonsplass

Institusjonsplass

Kva tilbyr vi?

På BUAS har vi 26 plassar i institusjon

  • 10 plassar for personar med alvorleg demens sjukdom, som har behov for å bu i mindre avdelingar tilrettelagt for skjerming.
  • 12 plassar for somatisk - langtid/korttid.
  • 1 plass for palliasjon.
  • 1 plass for øyeblikkeleg hjelp . Skal erstatte innlegging i sjukehus for gitte avklara diagnoser. Her kan ein ligge i inntil 3 døgn.
  • 4 akuttrom for avlasting og korttidsopphald (sone 2).

Det er fellesstue med TV i dei ulike avdelingane og høve til felles måltid.

BUAS har eige produksjonskjøkken.

Måltid:

  • Frukost: kl 09-10.30.
  • Lunsj: kl 12.
  • Middag med dessert: kl 15.
  • Kveldsmat: kl 19.
  • Nattmat: for den som vil ha.

 

Kven kan få tilbodet?

Tilbodet er til pasientar som:

  • Har behov for ei overgangsordning ved utskriving frå sjukehus.
  • Har behov for å få kartlagt funksjonsnivå og vidare hjelpebehov.
  • Har behov for opptrening/vedlikehaldstrening.
  • Pårørande har behov for avlasting for omfattande omsorgsbyrde.
  • Har akutt behov for observasjon og/ eller behandling.
  • Har behov for palliasjon.

Kriterier for langtidsplass eller bustad med heildøgns helse og omsorgstenester:

  • Kva type helse- og omsorgsteneste det er behov for og kor omfattande og varig behovet vil vere.
  • Om pasienten eller brukaren har høve eller evne til å tilkalle hjelp ved behov.
  • Om ein med hjelpemiddel eller ulike tilretteleggingar kan gjere tilpassingar som fremmer meistiring i eigen heim.
  • Om alternativ til langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad er særskilt lagt til rette for heildøgns tenester er forsøkt og vurdert til å ikkje vere teneleg eller forsvarleg.
  • Om pasienten er samtykkekompetent og har kognitive evner som ikkje medfører risiko for liv og helse.
  • Ved vurdering av hjelpebehov skal LEON- prinsippet og omsorgstrappa (lavaste effektive omsorgsnivå) aktivt vere nytta for å tilby rett omsorgsnivå.

 

Korleis få tilbodet?

Søknadskjema helse og omsorgstenester. (PDF, 127 kB)

Beskriv hjelpebehova dine, kva som er viktig for deg og kva tenester du meinar du har behov for.

Vi vurderer helsetilstanden din og finn det helsetilbudet som passer best for deg

Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema eller råd med tanke på kva tenester du bør søke på, kan du ta kontakt med heimetenestene som har base ved BUAS. Servicekontoret i Rådhuset kan også hjelpe deg.

Lov om helse- og omsorgstenester

Pasient og brukerrettighetsloven

Kva kostar det?

For korttidsopphald betalast det ein eigenandel. Eigenandelen er fastsett årleg gjennom Statsbudsjettet.

Sjå kommunen si oversikt over eigenandeler.

Dei som blir tildelt landtidsopphaød, betalar ein viss andel av inntekta (pensjon, renteinntekter og liknande). Man kan ikkje kreve deler av forua (fast eigendom, bankinnskot, aksjar m.m) som betaling.

Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstenester regulerer størrelsen på betalinga.

 

Kva skjer vidare?

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 4 veker skal du ha mottat svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar.

 

Klage

Vedtak om institusjon kan påklagast. Nærare informasjon om vilkåra for klage vert sendt ut med vedtaket frå kommunen. Dersom du får medhald i ei formell klage på saksbehandlinga, omfang av tenesta, eller kvaliteten på tenesta du har motteke, blir klagen anten tatt til følgje gjennom eit nytt vedtak eller du får avslag på klagen. Dersom du ikkje får medhald vert klagen sendt til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Klagefrist  er 4 veker.

Pasient og brukerrettighetsloven

Kontakt

Wenche Oldeide
Einingsleiar Sykkylven Bu og aktivitetssenter
E-post
Telefon 70 24 58 99
Mobil 901 18 218
Solfrid Hammernes Utgård
Einingsleiar Heimetenestene distrikt
E-post
Mobil 974 15 978