Koronaviruset

18.05.2020 11.49

Ergoterapi

Ergoterapi

Ergoterapeuten legg til rette for aktivitetar i dagleglivet, og tek utgangspunkt i det som er viktig for den enkelte.

Sykkylven Kommune har ergoterapeut tilsett i arbeid med barn og unge. Dersom behovet gjeld vaksne, må du kontakte Hjelpemiddelansvarleg.

Kva tilbyr vi?

Ergoterapeuten gir råd og rettleiing i høve:

  • Kartlegging og tilrettelegging av omgjevnadene, og tilpassing av tekniske hjelpemiddel, slik at barn og unge skal ha moglegheit til aktivitet og deltaking
  • Vurdering og rettleiing i høve finmotorikk og handfunksjon
  • Tilpassing av ergonomi og sitjestilling
  • Energiøkonomisering og aktivitetstilpassing
  • Sansestimulering
  • Kartlegging og vurdering av hjelpemiddel for struktur, hukommelse, kommunikasjon og forståing
  • Motoriske vurderingar, rådgjeving og rettleiing i barnehage og skule saman med fysioterapeut
  • Rådgjeving og rettleiing til foreldre og føresette

Ergoterapeuten utøver tenesta der det er mest hensiktsmessig, anten i heim, barnehage eller skule.

Kven kan få tilbodet?

Barn og unge som har utfordringar knytt til kvardagsaktivitetar.

Foreldre, føresette og nærpersonar til barn og unge som har behov for rådgjeving eller rettleiing.

Vaksne med behov for søknad/tilpassing av hjelpemiddel må ta kontakt med hjelpemiddel ansvarleg i kommunen.

Korleis få tilbodet?

Foreldre / føresette kan ta direkte kontakt med ergoterapeut på telefon eller e-post.

Fagpersonar kan henvise med løyve frå foreldre / føresette.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis

Kva skjer vidare?

Prioriteringar blir gjort ut frå prioriteringsnøkkelen

 

 

Kontakt

Nora Caroline Teigene
Ergoterapeut
E-post
Telefon 959 77 099

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post