Ergoterapi for barn og unge 0 - 18 år

Ergoterapi for barn og unge 0 - 18 år

Ergoterapeutar har fokus på førebygging og tidleg innsats for å fremje aktivitet, deltaking og inkludering. Barn utviklar seg og lærer gjennom leik og aktivitet i samspel med sine fysiske og sosiale omgjevnader. For barn og unge som av ulike grunnar har nedsett funksjonsevne, eller som står i fare for å få det, kan ergoterapeuten hjelpe med å få ein mest mogleg tilrettelagt kvardag med aktivitet og livsutfalding.

Ergoterapeuten utøver tenesta der det er mest hensiktsmessig, anten i heim, barnehage eller skule.

Ergoterapeuten:

  • Kartlegg barnet i aktivitet og samspel med dei reelle omgjevnadene det oppheld seg i
  • Foreslår forenkling og tilpassing av aktivitetar
  • Kartlegg og vurderer behov for tekniske hjelpemiddel og gir opplæring i bruken av desse
  • Gir råd og rettleiing om blant anna:
  • ergonomi og sitjestilling
  • finmotorikk og handfunksjon
  • korleis bustad og andre arena kan bli tilpassa og gjort funksjonelle for deg
  • energiøkonomisering og aktivitsregulering
  • hjelpemiddel for struktur, hukommelse, kommunikasjon og forståing
  • utfordringar knytt til syn og hørsel

 

Ergoterapeuten utfører også motoriske vurderingar, rådgjeving og rettleiing i barnehage og skule saman med fysioterapeut.

Kven kan få tilbodet?

Barn og unge 0 – 18 år som har utfordringar knytt til kvardagsaktivitetar.

Foreldre, føresette og nærpersonar til barn og unge som har behov for rådgjeving eller rettleiing.

Korleis få tilbodet?

Foreldre / føresette kan ta direkte kontakt med ergoterapeut på telefon eller e-post.

Fagpersonar kan tilvise med løyve frå foreldre / føresette.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis

Kva skjer vidare?

Prioriteringar blir gjort ut frå prioriteringsnøkkelen (PDF, 156 kB)

Ergoterapeuten tek kontakt med deg for å gjere avtale.

Kontakt

Tone Klakken Gjersrud
Ergoterapeut barn og unge
E-post
Mobil 959 77 099

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post