Ergoterapi for vaksne

Ergoterapi for vaksne

Dei aller fleste ønskjer å bu heime og vere mest mogleg sjølvhjelpte. Ergoterapeuten arbeider aktivt med å bidra til at du kan vere mest mogleg sjølvhjelpt og klare å gjere dei kvardagslege aktivitetane som er viktige for deg.

Utfordringar med å meistre kvardagen kan ha årsak i fysiske, psykiske eller kognitive vanskar. Eksempel på aktivitetar kan vere å stelle/kle på seg, lage mat, utføre husarbeid, handle, kome seg ut på tur, delta i fritids – eller sosiale aktivitetar, oppretthalde eller skape nye hobbyar, halde orden på rutinar og avtalar i kvardagen osv.

Ergoterapeuten:

  • Kartlegg dine ressursar og utfordringar i daglege aktivitetar.
  • Støttar opp under målretta trening i aktivitetar som er viktig for deg å kunne meistre. 
  • Foreslår forenkling og tilpassing av aktivitetar.
  • Kartlegg og vurderer behov for tekniske hjelpemiddel og gir opplæring i bruken av desse.
  • Gir råd og rettleiing om blant anna: 
    • korleis bustad og andre arena kan bli tilpassa og gjort funksjonell for deg.
    • fallførebyggande tiltak.
    • energiøkonomisering.
    • aktivitsregulering.
    • trykkavlastning, posisjonering og sitjestilling.
    • velferdsteknologiske løysingar.
    • utfordringar knytt til syn og hørsel.
  • Møter deg i heimen din og/eller andre stader du oppheld deg. 

Kven kan få tilbodet?

Vaksne / eldre som har utfordringar knytt til kvardagsaktivitetar.

Korleis få tilbodet?

Brukar eller pårørande kan ta direkte kontakt med ergoterapeut på telefon eller e-post.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis

Kva skjer vidare?

Prioriteringar blir gjort ut frå prioriteringsnøkkelen (PDF, 156 kB)  

Ergoterapeuten tek kontakt med deg for å gjere avtale.

Kontakt

Tone Pileberg
Ergoterapeut vaksne
E-post
Mobil 910 04 730

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post.