Koronaviruset

11.09.2020 08.52

Fysioterapeut med driftsavtale med kommunen

Fysioterapeut med driftsavtale med kommunen

Kva tilbyr vi?

Dei privatpraktiserande fysioterapeutane med driftsavtale yter tenester og gir behandling på institutta eller  oppsøkande verksemd ved behov (pasienten sin heim, skule eller barnehage).

Korleis få tilbod?

Du kan ta direkte kontakt med institutta/fysioterapeuten for å avtale tid. Det er ikkje nødvendig med henvisning frå fastlege.

Fysioterapeutar med driftsavtale startar opp att frå 20.04.2020. Dette i samsvar med retningsliner for smittevernfagleg forsvarleg drift. Pasientar må ta kontakt med kvart einskild institutt PR. TELEFON for timebestilling. Det er særs viktig at du ikkje møter opp utan å ha avtalt time på førehand.    

 

Haugbukta fysikalske, tlf. 70 25 10 52,  Haugneset 22:

- Yvonne Aukan, allmennpraktiserande fysioterapeut med kompetanse innan muskel-skjelettplager og idrettskader. Ho har også vidareutdanning i kognitiv terapi og tverrfagleg rehabilitering.  

- Tor Egil Gustavsen, allmennpraktiserande fysioterapeut 

- Ragnhild Fredriksen Hovland, allmennpraktiserande fysioterapeut med kompetanse innan nålebehandling i fysioterapi, slyngebehandling. Ho er sertifisert instruktør i fysiopilates

 

Aure Fysikalske, tlf. 70 25 30 70,  Lolandbygget 2. et., Skulegata 7:

- Øystein Blindheim, allmennpraktiserande fysioterapeut, spesialist i muskel og skjelett-fysioterapi

- Emma Louise Blindheim, allmennpraktiserande fysioterapeut.  

 

Vikøyra Fysikalske, tlf. 45 24 12 18,  Vikøyra Brygge

- May Jorunn Hofseth Rye, allmennpraktiserande fysioterapeut med behandling av barn og rehabilitering av vaksne som hovudfelt. Sertifisert fysio-pilates instruktør og har grupper på dag- og kveldstid. 

- Tove Aarsnes Skauvik, allmennpraktiserande fysioterapeut. Ho tilbyr lymfedrenasje

 

Sykkylven PsykomotoriskeFysioterapi,  Hjørnegården, Pilgata 2, 6230 Sykkylven:

- Stine Bjørlykhaug, psykomotorisk fysioterapi, MNFF.

  Ta kontakt på tlf. 97 61 89 77.

spmf@online.no

 

Kva skjer vidare?

Prioriteringsnøkkel for venteliste

 

Kva koster det?

Frå 1. januar 2017 er det vedteke endringar i eigenandelstak 2 og avvikling av diagnoseliste. Eigenandel for barn er heva frå 12 til 16 år, og eigenandel 2 er redusert frå 2670 til 1990 kroner. 

 

Du finn meir informasjon på sida til Helfo