Koronaviruset

11.09.2020 08.52

Kommunal fysioterapi

Kommunal fysioterapi

Kommunal fysioterapeut utfører helsefremjande og førebyggande arbeid for barn og unge, gjennom helsestasjon og skulehelsetenesta.

For fysikalsk behandling og habilitering av barn og unge, ta kontakt med fysioterapeutar som har driftsavtale med kommunen.

Kva tilbyr vi?

Kommunal fysioterapeut har fast trefftid på helsestasjonen tysdagar kl. 12.30-14.00, der ein kan få konsultasjon for motorisk vurdering, rettleiing og informasjon.

Fysioterapeut deltek på "Vi-blir-kjent-gruppe" på helsestasjonen med informasjon om motorisk utvikling.

Fysioterapeut utfører motoriske vurderingar og gir råd og rettleiing i barnehage og skule saman med ergoterapeut.

Kven få tilbodet?

Born på helsestasjonen, i barnehage og skule.

Korleis få tilbod?

Helsesjukepleiar kan sette opp barn til vurdering i samråd med føresette. Føresette kan også ta kontakt med helsesjukepleiar for å avtale tid for bornet sitt.

Føresette, helsestasjon, barnehage og skule kan ta direkte kontakt med fysioterapeut for å gjere avtale om motorisk vurdering i barnehage eller skule.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Kva skjer vidare?

Fysioterapeut utfører motoriske vurderingar på helsestasjon, i barnehage og skule utifrå kapasitet. Ved behov for vidare undersøking og oppfølging henviser fysioterapeuten til andre instansar.

Kontakt

Julianne L. Blindheim
kommunal fysioterapeut
E-post
Telefon 918 98 743