Helsefremjande og førebyggande heimebesøk til eldreKva tilbyr vi? Sykkylven kommune tilbyr heimebesøk til alle som fyller 80 år. Heimebesøket skal bidra til å auke tryggleik og meistring i kvardagen. Tilbodet skal gjere deg i stand til å bu heime og ha eit sjølvstendig liv så lenge som råd. Kva er viktig for deg, og korleis kan du tenke deg din alderdom? I besøket får du ein perm med oversikt over ulike tenester, tilbod og aktivitetar for eldre i Sykkylven kommune. Sist endra02.11.2020 11.10 Kven kan få tilbod? Alle får tilbod det året dei fyller 80 år. Korleis få tilbod? Kommunen sender ut invitasjonbrev til aktuelle personar 1-2 veker før besøket. Kva kostar det? Tenesta er gratis. Kva skjer vidare? Vi tar kontakt på telefonen for å stadfeste tid for heimebesøket.