Innsatsteam/kvardagsrehabilitering

Innsatsteam/kvardagsrehabilitering

Innsatsteamet er sett saman av ergoterapeut, fysioterapeut og sjukepleiar frå heimetenestene. Dette er eit av tilboda som Sykkylven kommune satsar på for å bidra til ein aktiv alderdom med god livskvalitet for innbyggjarane. Dei fleste ynskjer å vere aktive og bu heime lengst mogleg.

Innsatsteam brosjyre (PDF, 289 kB)

Målgruppa for innsatsteamet er:

  • Du som bur heime, men ikkje lenger har samme funksjon som før og slit med å meistre til dømes personlig stell, matlaging eller andre aktivitetar
  • Du som skal heim frå sjukehus eller korttidsopphald på BUAS og treng ekstra støtte og trening i ein overgangsfase
  • Du som er motivert til å klare deg sjølv heime i størst mogleg grad

Kva gjer innsatsteamet:

  • Innsatsteamet gjer ei systematisk kartlegging, og det blir saman med deg utarbeida mål som du synest er viktig å meistre i din kvardag
  • Kartlegginga dannar grunnlag for korleis vi saman skal arbeide, i ein avtalt tidsperiode, for at du skal nå måla dine. Til dømes kan det vere aktuelt å øve på å gå trappa i huset ditt, hente avisa, innkjøp og tilbereding av mat og tilrettelegging av bustaden din

Både pårørande og du sjølv kan ta direkte kontakt med innsatsteamet for vurdering av om dette kan vere eit aktuelt tilbod for deg.

Kontakt

Anita Westerås
Kommunal fysioterapeut
E-post
Telefon +47 91 89 87 43

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Tone Klakken Gjersrud
Ergoterapeut barn og unge
E-post

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Tone Pileberg
Ergoterapeut vaksne
E-post

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post.

Kari Fauske
sjukepleiar
E-post
Telefon +47 91 86 06 55

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post.