Dagtilbod for personar m/demenssjukdom

Dagtilbod for personar m/demenssjukdom

Kva tilbyr vi?

Dagaktivitetstilbodet  tilbyr ein sosial treffstad for personar med demens som bur heime. Brukarane vert henta med drosje i heimen sin på føremiddagen, og køyrt heim igjen kl 1530.

Dagaktivitetestilbodet har base på Buas

Ulike aktivitetar som:

  • Tur.
  • Trim.
  • Baking.
  • Lett hagestell.
  • Sang.
  • Spel.
  • Kreative hobbyaktiviteter.
  • Sosialt fellesskap.
  • Dele måltid.

Måltid:

Lunch: kl  11:30.
Middag: kl 14:30.

Kven kan få tilbod?

Personar med demens som bur heime.

Korleis få tilbodet?

Søknadsskjema finn du her. (DOCX, 54 kB)

Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema eller råd med tanke på kva tenester du bør søke på, kan du ta kontakt med heimetenestene som har base ved Buas. Servicekontoret i Rådhuset kan også hjelpe deg.

Kva kostar det?

Dagsenter er gratis, betaling for måltid etter fastsett pris.

Prisliste

Kva skjer vidare?

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 3 veker skal du ha mottat svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar.

Kontakt

Linda Tryggestad Søvik
Fagleiar Heimetenestene distrikt 1
E-post
Mobil 918 98 759
Dagsenter for personar med demens
Mobil 480 43 525

Opningstider: mandag og onsdag.