Hjelpemiddel

Hjelpemiddel

Dersom ein har funksjonstap som følgje av sjukdom eller skade, kan hjelpemiddel vere eit kompenserande tiltak som muliggjer aktivitet og mestring i kvardagen.

Kva tilbyr vi?

Om du har varig behov for hjelpemiddel kan du få hjelp til å søkje hjelpemiddel frå NAV Hjelpemiddelsentral i Møre og Romsdal. Ta da kontakt med ergoterapeut som vil hjelpe deg. Ergoterapeuten er også syns- og hørselskontakt. 

Dersom du har behov for å låne hjelpemiddel i ein kort periode etter skade eller inngrep kan du låne frå kommunalt kortidslager.

Kommunalt lager har blant anna:

  • Toalettforhøgar.
  • Toalettstol.
  • Dusjkrakk.
  • Rullator.
  • Manuell rullestol.

Krykker, ispiggar og stokk må kjøpast sjølv, ein kan få kjøpt det ved Servicetorget, Sykkylven kommune.

Kven kan få tilbod?

Alle som bur, eller midlertidig oppheld seg i kommunen, og som på grunn av helsesvikt har behov for hjelpemiddel.

Er du busett i annan kommune må du få hjelp til søknadar som omhandlar varig lån i din heimkommune.

Korleis få tilbod?

Ved korttidslån kan du ta kontakt direkte med hjelpemiddelteknikar. 

Ved behov for varig utlån frå Nav Hjelpemiddelsentral, kan du ta kontakt med ergoterapeut. 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Levering og henting av hjelpemiddel

  • Ta kontakt med hjelpemiddelteknikar på førehand for å avtale utlån eller innlevering av hjelpemiddel. 
  • Hjelpemidla skal i utgangspunktet hentast og leverast av brukar/pårårande. Dersom dette er vanskeleg kan hjelpemiddelteknikar bistå. 
  • Det er viktig at utstyr som ikkje lenger er i bruk leverast tilbake i reingjort tilstand, så raskt som mogleg.
  • Korttidslån blir loggført.

 

Kontakt

Kim Johannes Jacobsen
Hjelpemiddelteknikker
E-post
Mobil 918 98 755

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Tone Pileberg
Ergoterapeut vaksne
E-post
Mobil 910 04 730

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post.

Tone Klakken Gjersrud
Ergoterapeut barn og unge
E-post
Mobil 959 77 099

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post