Koronaviruset

18.05.2020 11.49

Praktisk bistand inkl. heimehjelp

Praktisk bistand inkl. heimehjelp

Tenesta er eit tilbod til personar som er avhengig av hjelp til praktiske oppgåver i kvardagen på grunn av sjukdom, funksjonshemning, alder eller andre årsakar.

Kva kan vi tilby?

Praktisk bistand og opplæring er tenester som skal styrke og/eller kompensere for eigen meistring i å ivareta eigenomsorg og klare dagliglivets gjeremål. Tenesta skal bidra til at den enkelte får mogligheit til å leve og bu sjølvstendig, og ha ei aktiv og meningsfull tilvære i fellesskap med andre.

Tenesta blir utforma individuelt, og sett samen av følgande elementer:

Personlig assistanse, praktisk bistand og opplæring. 
Formålet med praktisk bistand er å gje hjelp i dagliglivets gjeremål, husholdninga, eigenomsorg og personleg stell. Formålet med opplæring er å gjere den enkelte mest mulig sjølvstendig i dagliglivet, og/eller vedlikeholde ferdigheiter.

Heimehjelp kan omfatte:

  • Reingjering i bustad med golvreinhald og støvtørking (hjelpa er avgrensa til rom som er i dagleg bruk).
  • Skifte av sengetøy.
  • Klesvask.

Kva forventar vi av deg?

  • Du utfører sjølv dei oppgåver du kan klare.
  • Du/din representant gir beskjed dersom du ikkje er heime til avtalt tid, seinast dagen før eller så raskt som mogleg.
  • Du stiller til rådigheit nødvendig utstyr til alminnelig husarbeid (støvsugar, mopp/langkost, bøtte, klutar,/tvoger, vaskemiddel).
  • Du aksepterer installasjon/plassering av nødvendig medisinsk/tekniske hjelpemidler i heimen.

Tilsette i Sykkylven kommune følger i sitt arbeid bestemmelsane i arbeidsmiljølova. Den tilsette skal ha eit forsvarlig arbeidsmiljø.

Dette inneber blant anna:

  • Dersom det blir røykt i bustaden, må det luftast godt ut før personell er venta.
  • Det skal ikkje røykast i bustaden når tjenesteytar utfører sitt arbeid.
  • Elektriske installasjonar må være i forsvarleg stand.
  • Tjenesteytar må ikkje utsettast for unødig risiko ved atkomst til bustaden, for eksempel hundar/båndtvang, mørklagte inngangsparti og liknande.
  • Tjenesteytar må møtast på ein respektfull måte og ikkje utsettast for noko form for diskriminering.

Kva kostar det?

Det kan krevast betaling for praktisk bistand som for eksempel reingjering, klesvask, matlaging, hjelp til innkjøp og liknande daglege gjeremål. Det kan ikkje krevast eigenbetaling for heimesjukepleie, eller for praktisk bistand og opplæring til personlig stell og eigenomsorg.

Betalingssatsane vert fastsett ut frå husstanden si samla skattbare nettoinntekt før særfrådrag. Grunnlaget er utrekna frå siste tilgjengelege skattelikning, med eventuell hjelpestønad, og antall timar du får praktisk bistand.

Betalingssatsar for praktisk bistand/heimehjelp

Korleis får du tilbodet?

I søknadsskjemaet beskriv du dine hjelpebehov. Vi vurderar din helsetilstand og finn det helsetilbodet som passer for deg.

Søknadsskjema for helse og omsorgstenester. (DOCX, 54 kB)

Klage?

Vedtak om heimehjelp og praktisk bistand kan påklagast. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen. Dersom du får medhald i ei formell  klage på saksbehandling, omfang av tenesta, eller kvaliteten på den tenesta du har motteke, blir klagen teke til fylgje gjennom eit nytt vedtak.

Pasient og brukerrettighetsloven § 7-2.

Lover og reglar.

Helse og omsorgstenesteloven.

Pasient og brukerettighetsloven.

Kontakt

Linda Tryggestad Søvik
Fagleiar Heimetenestene distrikt 1
E-post
Mobil 918 98 759

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post