Koronaviruset

18.05.2020 11.49

Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm

Kva tilbyr vi?

Tryggleiksalarm som er kopla opp mot alarmsentral med personale til stades heile døgnet.

Kven kan få tilbodet?

Dei som av ulike årsaker kan ha behov for å tilkalle hjelp frå heimetenesta.

Må fylle eitt eller fleire av følgjande kriterium:

  • ha lett for å falle/har rørsleproblem
  • er særs utrygg eller sjuk av andre årsaker
  • bur åleine /har lite nettverk

Det er ei føresetnad at den som får innvilga alarm forstår bruken av denne. Alarmen skal kun nyttas i akuttsituasjonar.

Tenesta er ikkje lovpålagt.

Korleis få tilbodet?

I sønadsskjemaet beskriv du dine hjelpebehov.

Søknadsskjema finn du her (DOCX, 54 kB)

Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema eller råd med tanke på kva tenester du bør søke på, kan du ta kontakt med Servicekontoret i Rådhuset.

Kva kostar det?

Pris på tenesta finn du her

Kva skjer vidare?

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 3 veker skal du ha mottatt svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar.

Klage

Vedtaket kan du klage på jmf. Forvaltningslova §§ 28 og 29. Klaga vil bli behandla av same organet som fatta det opphavlege vedtaket. Klagefristen er 3 veker.

Lover og reglar

Vedtaket følgjer forvaltningslova sine regler for saksbehandling, jmf § 27-36

Kontakt

Vakttelefon Heimetenestene Distrikt
Mobil 916 14 346
Linda Tryggestad Søvik
Fagleiar Heimetenestene distrikt 1
E-post
Mobil 918 98 759

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post