Kommuneoverlege

Kommuneoverlege

Kommuneoverlegen har ei rådgivande og administrativ rolle innan helse- og legetenesta. 

Legetenester

Kommuneoverlegen har ansvar for kommunen sine legetenester. 

Klager på tilgjengeleghet og organisering av legetenesta rettast til kommuneoverlegen. Klager på undersøkelse og behandling med fastlegen rettast til Fylkeslegen i Møre og Romsdal. Medan klage på undersøkelse og behandling ved legevakt og institusjon for øvrig rettast til kommuneoverlegen.

Smittevern og miljøretta helsevern

Kommunen har mange oppgåver innan førebygging og behandling av smittsame sjukdommar. Det er kommuneoverlegen som har det overordna ansvaret for at smittevernlova sine bestemmelsar følgjast opp. 

Varsling om smitte

Ved utbrot av smittsame sjukdommar i barnehagar og institusjonar skal den som oppdagar smitteutbrotet snarast mogleg kontakte smittevernlege. Smittevernlegen varslar vidare til aktuelle instanser som legevakt, fastlegar, Mattilsynet, fylkeslegen, folkehelseinstituttet. Kommuneoverlegen er smittevernlege i Sykkylven.

Godkjenning av verksemder

Kommuneoverlegen fører tilsyn med og godkjenner verksemder som mellom anna skular og barnehager. Godkjenning av skular og barnehagar inkluderer vurderingar av sikkerheit ute og inne, hygieniske forhold, luftkvalitet, reinhald, helsemessig beredskap m.m. 

Kontakt

Aleksander Sommerdalen
kommuneoverlege
E-post

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post