KreftkoordinatorKva tilbyr vi? Kreftkoordinator er tilgjengeleg for personar som er ramma av kreftsjukdom, og deira pårørande i ulike fasar av sjukdommen. Kreftkoordinator tilbyr samtalar, råd og rettleiing etter behov og ynskje. Koordinator kan vere eit bindeledd mellom kommune og sjukehus og vere med på å gi heilskapeleg omsorg og tryggheit. Gir tilbod om rådgivning til helsepersonell både på Buas og HBO. Sist endra24.11.2021 15.30 Kven kan få tilbodet? Tilbodet er til den som er ramma av kreftsjukdom og til deira pårørande. Korleis få tilbodet? Dette er eit lavterskeltilbod der ein ikkje treng å søkje. Ta kontakt med kreftkoordinator på e-post eller telefon. evt. via Heimetenestene.