Tannhelse

Tannhelse

Den offentlege tannhelsetenesta skal gjennom lov om tannhelsetenesta gi tannhelsetilbod til prioriterte grupper i befolkninga.

Kven har rett til offentleg tannhelsetilbod?

Tilbodet gjeld for:

  • Born og unge frå 0-18 år
  • Psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon.
  • Grupper av eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og som mottek heimesjukepleie.
  • Ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret (med 75% reduksjon av takstar).

Det fins og ikkje-lovpålagde grupper som har rett på gratis tannbehandling:

  • Rusmisbrukarar i institusjon og personar som pga eit rusmiddelproblem mottek tenester etter Helse- og omsorgstenestelova, og personar under legemiddelassistert rehabilitering (LAR).
  • Personar med psykiske lidingar som får poliklinisk behandling i spesialisthelsetenesta over ein periode på minimum tre månader.
  • Personar i pleie av pårørande finansiert med omsorgsløn. Pleiebehovet må attesterast av lege.

Kontaktinformasjon finn du her.