BUAS (Bu- og aktivitetssenter)

BUAS (Bu- og aktivitetssenter)

Dei nasjonale retningslinjene for sosial kontakt gjeld også for BUAS. 

Vi oppmodar den som kjem frå område med mykje smitte om å vere ekstra forsiktige i høve til nærkontakt og smittevernreglar. 

  • Besøkstid mellom kl 11- 14 og kl 16 – 18.30 – alle dagar (gjeld ikkje korttid rehab – der skriv du deg inn sjølv når du kjem)
  • Ring og avtal tid når du kjem. Du kan ringe etter kl. 10.00. (Gjeld ikkje korttid rehab – der skriv du deg inn sjølv når du kjem)
  • Maks 2 stk på besøk på same tid - det er ut frå smittevernreglar og areal nok til å halde 1 meter avstand. Unntak 1 meter regelen: dersom alle som kjem på besøk er vaksinert kan ein vere fleire enn 2 på same tid.
  • Det er ikkje høve til å opphalde seg i fellesareal
  • Sprit deg ved inngangane, og vask hender på pasientrom når du kjem og går
  • Vask over kontaktflater på rommet før du går med såpe og vatn
  • De kan ha med blomster, mat osv. Følg smittevernreglar og hindre indirekte kontaktsmitte.
  • Du kan gå tur i nærområdet
  • Alle vert oppmoda om å bruke munnbind 

Telefonnummer