Ved karanteneplikt skal du fullføre karantenepreioden på 10 døgn sjølv om du tek koronatest og den er negativ.
Personar i karantene kan ikkje:
- gå på jobb, skule eller barnehage
- foreta lengre reise innenlands eller reise utenlands
- oppsøke stadar der det er vanskeleg å holde nødvendig avstand til andre personar
- ta offentleg transport (unntatt ved ankomst frå utlandet på veg til karantenestaden, eller motsatt veg hvis ein forlatar Norge før karantenen er over).
Når ein er i karantene skal ein som hovedregel ikkje oppsøke offentlege stadar som butikkar og kafear. Ved mangel på alternativ kan du gå ut for å gjennomføre nødvendige ærend i butikk eller apotek. Du må då sørgje for å halde tilstrekkeleg avstand (minst ein meter) til andre og unngå kø.
Heimeisolasjon
Dersom du har fått påvist covid-19 skal du isolerast.
Sjå helsenorge.no for meir informasjon om heimeisolasjon.
Kva er ein nærkontakt?
Du er nærkontakt viss du har hatt mindre enn to meter avstand i meir enn 15 minutt, eller direkte fysisk kontakt med ein stadfesta smitta av korona. Til dømes handhelsing eller klemming.
Arbeidet med smittesporing er viktig og krevande, det er derfor viktig at du har kontroll på kven du vore i nærkontakt med.
Les meir om testing, symptomer og nærkontakter her.
Karantenehotell
Hovedregelen er at personar som kjem til Norge frå andre land og område med karanteneplikt, skal opphalde seg i karantenehotel. Dette gjeld ikkje for personar som er busett i Norge (registrert i folkeregisteret) eller har annan fast bustad i Norge.
Unntaksbestemmelse frå karantenehotell for innreisande som kjem til Norge for å utføre arbeid eller oppdrag. Dersom det vert lagt fram stadfesting på at arbeids- eller oppdragsgivar sørger for eigna opphaldsstad , kan denne nyttast.
Krav til arbeids eller oppdragsgivar for at bustad skal vere eigna:
- Mulig å unngå nærkontakt med andre
- Einerom
- TV og internett på rom
- Eige bad
- Eige kjøkken eller matservering
Ved reise frå flyplass til karatenebustad, kan offentleg transport nyttast, men det er påbud om bruk av munnbind.
Arbeidsgjevar er ansvarleg for at gjennomføring av karantene blir gjort riktig og at det ikkje skjer brot på karanteneplikt.
Privat innreise
Dersom innreise har anna formål enn arbeid eller oppdrag , må det leggast fram stadfesting frå den som stiller opphaldsstad til disposisjon på at opphaldstad oppfyller vilkår for:
- Mulig å unngå nærkontakt med andre
- Einerom
- Eige bad
- Eige kjøkken eller matservering
Den som stiller eigna karantenebustad til disposisjon, er ansvarleg for at gjennomføring av karantene blir gjort riktig og at det ikkje skjer brot på karanteneplikt.
For meir informasjon om karantenehotell, sjå regjeringa sine sider om karantenehotell og helsedirektoratet sine sider for dei som kjem til Norge frå utlandet