Teststasjonen blir avvikla
Den generelle oppmodinga om å teste seg for korona ved nyoppståtte luftvegssymptom gjeld ikkje lenger, rådet no er å halde seg heime når ein føler seg sjuk, uavhengig av årsak.
Frå og med mandag 23.mai blir derfor teststasjonen ved tidlegare sparebankbygget avvikla.
- PCR-test kun på klinisk indikasjon. Det vil sei at det er lege som rekvirerar test etter ei medisinskfagleg vurdering, på lik linje med andre luftvegsinfeksjonar.
- Treng du koronatest i forbindelse med reise, må du kontakte private aktørar. For eksempel Medi3.
Sjølvtestar vil framleis vere tilgjengelege
For dei som likevel ønsker å teste seg vil det i ein overgangsperiode vere tilgjengelege sjølvtestar. Sjølvtestar/hurtigtest kan du hente på Sykkylven kulturhus kvardagar frå kl. 08.30 - 16.00.
Ein skal ikkje melde inn positiv hurtigtest til kommuna.
Råda ved positiv og negativ test er dei same; hald deg heime viss du føler deg sjuk.