Folkehelseinstituttet har utarbeida ei oversikt over diagnosar og medisinar som kvalifisera til fjerde dose med koronavaksine. Behovet for ei 4.dose med koronavaksine må dokumenterast. Ta med naudsynt dokumentasjon ved oppmøte til vaksinasjonsstaden. Dokumentasjon kan vere erklæring frå fastlege, spesialisthelsetenesta, reseptar, innpakning av medikament med namn. Sjå meir informasjon om krav til dokumentasjon hos Folkehelseinstituttet.
Det skal vere 3 månadar mellom 3. og 4.dose.
Kven kan få 4. dose?
Saman med dei fagmedisinske miljøa og spesialisthelsetenesta har Folkehelseinstituttet utarbeida ei oversikt over diagnosar og medisiner som kvalifisera til fjerde dose med koronavaksine. Dette gjelder:
• Organtransplanterte
• Beinmargstransplantert dei siste 2 åra
• Alvorleg og moderat medfødt immunsvikt
• Alvorleg nyresvikt (stadium 5) eller i aktiv dialyse
• Avansert eller ubehandla hiv-infeksjon
• Pasientar med pågåande betydeleg immundempende behandling av anna årsak
Spesialisthelsetenesta har utarbeida ei liste over medisinar med betydeleg immundempande verknad som gjer at brukarane blir anbefalt 4. dose med koronavaksine. Denne medikamentlista finn du her. (PDF, 447 kB)
Personar over 80 år kan få ein 4. dose (andre oppfriskingsdose) om dei ønkjer (NB! dei over 80 år som har hatt korona etter å ha fått tredje dose skal ikkje ha ein 4. dose).
Påmelding
Vitusapotek Sykkylven har overtatt ansvaret for koronavaksineringa i Sykkylven. Du kan bestille time via helseboka.no eller du kan ta kontakt med apoteket på tlf. eller e-post;
E-post: sykkylven@vitusapotek.no
Tlf: 70 25 45 10